Bakeriutsal og kafe

Kvar morgon blir ferske bakevarer transportert rett til utsalet vårt på Stryn Torg, frå bakeriet i Oppstryn. Her finn du ferske brød, kaker, påsmurte bakevarer, pizza og enkle lunch-rettar. Du kan også få kjøpt våre populære fiskelefser og kaffilefser, flatbrød, knekkebrød og havrekjeks.

Sommarstid kan du også handle hos oss i Oppstryn, og her serverer vi også middagsrettar. Gjennom året er det ulike arrangement på Matstova i Oppstryn. Sjå kalender.

Du kan også bestille kaker som kan hentast på kafeen etter avtale, samt catering til store og små anledningar.

Julebakst og julebord er også noko som høyrer til, så før jul får du kjøpt det meste du treng av julebakst på kafeen vår på Stryn Torg. Og i Oppstryn tilbyr vi julebord for bedrifter og organisasjonar, samt catering av julemat.

Velkomne!