Om oss

Matstova er ei familiebedrift med hjarte for tradisjonar og gode smakar. Vi driv heimebakeri, kafé og catering med base i Stryn, og har i over 20 år laga lefser, flatbrød og bakverk etter gamle oppskrifter. 

Om oss

Midt i Stryn sentrum finn du kafeen vår på Stryn Torg – ein hyggeleg møtestad som held ope heile året. Her kan du nyte heimelaga mat, ferske bakevarer og god kaffimat.

I Oppstryn, ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter – berre 20 km frå Stryn sentrum – ligg sommarkafeen vår og det nyoppussa selskapslokalet. Her har vi bakeriet vårt der alle produkta våre vert laga frå botnen av med stoltheit og handverk.

Bygget i Oppstryn har ei lang historie. Det starta som Strynefjell Draktverkstad, der det blei strikka genserar og sydd vadmelsklede. Sidan den gong har vi bygd på og utvikla lokala våre fleire gonger. I dag har vi eit stort og triveleg selskapslokale med plass til opptil 70 personar inne, og eit flott uteområde med platting og sitjeplassar. Lokalet vert nytta gjennom heile året til alt frå bryllaup og konfirmasjonar til julebord og fødselsdagar.

I høgsesongen frå juni til august tilbyr vi middagsservering med heimelaga mat, tre rettars middagar og koldtbord. Vi tek også imot bestillingar på kaker og catering.

Heile året bakar vi populære fiskelefser, kaffilefser og flatbrød – etterspurt både av lokalbefolkninga og tilreisande. I tillegg lagar vi ei rekke tradisjonelle julekaker som du finn både i kafeen vår og i utsalet vårt på Stryn Torg.

Velkomen innom for ein smak av ekte, heimelaga tradisjon!